Alle stader i verda finst det forelska par. I dei største byar og dei minste bygder. Alltid er det eit forelska par der. Berre følg nøye med der du bur. Høyr etter kviskring og fnising. Sjå etter to som går tett saman under ein paraply. Dei finst over alt. Dei to som er så forelska at ingenting anna betyr noko for dei.
I Bløygen var det Bidger og Esmiluni. Dei budde på toppen av Bløygenbakken. Av og til var dei så forelska at utelampa blinka.
Birger og Esmiluni.
Esmiluni og Bidger.
Dei var dei rette for kvarandre.
Bløygen er ein liten stad i verda. Den er så liten at du kanskje ikkje finn den på noko kart. Mange som har prøvd å finna vegen, kjørte feil og kom aldri fram. Men dei som bur der, veit at dei er komne til rett stad. Dei er i Bløygen, der alt det bløygste hender. Der kan dei handla mat i butikken til Pinnesvein. Dei kan kjøpa fisk i fiskebutikken til Fiskeguri. Dei kan få råd om små ...